21.1.07

Skal det vera litt extra virgin?

Vi er mange som har lesi Extra virgin og fått lyst til å vitje Liguria i Nord-Italia!

No, takka diskusjon om Bibliotek2.0 m.m., blir det påsketur til Liguria! Mari og eg sat og jabba på Skype, både om kva som EIGENTLEG burde vori gjort i biblioteka i Finnmark (Samsøk, felleskatalogar, gjerne mange små prosjekt), og anna artig. Kva skal ein så gjera i påska? Tja, kan hende påskefestival i Kautokeino? Kva med å ta ein tur til Nice? Tenke, tenke...sjekke litt flybillettar hjå Widerøe...så finn vi pinadø ut at ved å reise frå Hammerfest/Kirkenes 2. april med retur 9./10. april så kjem tur-returbilletten til Milano berre på 3000 kr!!! Spontaniteten lenge leve! No blir det fly til og frå Milano, tog derifrå til Genova, så kan hende leige ein bil og farte litt rundt - både Torino, Firenze og Bologna er berre dagsturar unna. I tillegg har eg ein kompis som driv hotell like ved Nice, så han må vi jo vitje :-)

Alt dette takka vere bibliotekfaglege ordskifte her i Ultima Thule! Ein skal ikkje klaga!

3 kommentarer:

Mari sa...

Språkkurs og Extra virgin er herved bestilt på biblioteket. Jeg har stor tro på påsken i Italia, og ser for meg en lang rekke epokegjørende faglige diskusjoner. Blant annet. Kan vi bade, tro?

Vidar sa...

Det kan vi gjera, iallfall på Hotel des deux amis hjå Olav Helge og Per Henning. Kjekt med vener som driv hotell på Rivieraen!

Anita Steigre sa...

Oi-oi-oi - fort gjort! God tur ønskes ;-)