24.2.07

2.0-stafetten held fram!

Mari har heilt rett: 2.0-pusling blir ofte motivert av at ein EIGENTLEG skulle gjort noko heilt anna... Plinius er ein blogg eg les med stor interesse, og etter oppslaget der om LibraryThing har eg òg laga min fyrste nettkatalog der du kan få sjå litt frå bokhylla mi. Førebels mest fantasy, sci-fi og teikneserieromanar frå Gaiman-universet - men det kjem nok litt meir høgverdig litteratur òg. Elles kjem vel tilsynet for høg moral på døra ;-)

Ein annan ting som eg vart fascinert av etter å ha fått rss-fôr frå Google Librarian Central er Google Custom Search Engine. Her kan du lage ditt eige Google-søk på to måtar: anten ved at du berre spesifiserer sidene du ønskjer Google skal søkje i og berre der, eller ved at du vel ut nettstader du vil Google skal prioritere når du søkjer. Eg har gjort ein freistnad, du får sjå på Sør-Varanger-søket!

12.2.07

2.0-stafett?

Jeg blir aldri så 2.0 som når jeg egentlig skal gjøre noe annet... I dag skulle jeg egentlig forberede meg til et jobbmøte i morgen (det skal jeg fortsatt, så det blir desto seinere). Begynte med å lese siste nummer av Bibliotekaren, og fikk akutt trang til å legge alle bøkene mine inn på Librarything. Så det har jeg puslet med i dag. Dette kan selvfølgelig være et eksempel på noe som jeg synes er kjempegøy en liten stund, og så slutter å vedlikeholde - men for meg er det et poeng å vite hva det er, også. Kanskje flere bibliotekar i sivil vil prøve seg? Bli med! Her er bokhylla mi et stykke på vei.