Fylkesbiblioteket jobbar no med ein portal for finnmarksbiblioteka, etter inspirasjon frå Oppland. Portalløysingar kan vera særs bra, men kvifor ikkje tenkje breiare enn som så? Er det eigentleg nokon god grunn til at vi skal sitje på kvart vårt ness og administrere 25-30 bibliotekkatalogar i Finnmark? Kva om vi klarte å redusere det til to eller tre? Aust, vest og skule?
Grunnen til at eg spør, er at eg var innom Robertsfors bibliotek på torsdag. Eg var på eit seminar i Innovation Circle, og nytta høvet til å stikke innom biblioteket - sjølvsagt. I tillegg til at eg ofte stikk innom bibliotek når eg er ein stad, så var grunnen at eg har høyrt om bibliotekprosjektet i Umeå-regionen, Projekt Bibliotek 2007. Prosjektet går kort og godt ut på at dei seks kommunane i Umeå-regionen har sams katalog, ei logistikk-løysing mellom biblioteka og i tillegg ein haug med digitale tenester tilgjengelege for lånarane.
Ut frå det eg kunne sjå og fekk høyre så er opplegget genialt. Alle katalogane er slegne saman, slik at alle biblioteka med filialar kjem fram som einingar under katalogposten. I samsøka til både Mikromarc og Bibliofil er det slik at trefflista kjem fram som ei liste over bibliotek som har boka, slik at du får ei treffliste som i Akershus. I staden så har Umeåregionen valt ei løysing der du fyrst før ein sams tittelpost, så klikkar du på "Finns titeln inne?" og får ei eksemplarliste med alle biblioteka i regionen. Genialt, eller kva?
Det som sjølvsagt er endå meir genialt, er at dei har teki effekten av Felles lånekort heilt ut. Her er det sams lånarregister for heile regionen. Har du lånarkort i Robertsfors så låner du sjølvsagt bøker i Umeå i tillegg, og administrerer alle låna i same biletet. Det er eigentleg som ei vanleg filialløysing, berre på eit større og meir avansert nivå.
Korleis er så logistikken oppi dette? Det er sjølvsagt utfordringa for oss i Finnmark. I Umeåregionen har dei ein eigen avtale der det går bokskyss mellom biblioteka to gonger i veka.
Ein siste ting som ligg inne i Umeå-prosjektet er digitale tenester. Med lånekortet som legitimasjon har du tilgang til e-biblioteket, e-lib, Biography Resource Center, ArtikelSök, EBSCO og Novelist.
Kva det kostar? Det veit eg ikkje enno, men det er definitivt verd å ta ein runde med biblioteksystemleverandørane for å få dei til å lage pakkar for interkommunale bibliotekkatalogar.
Eit spørsmål er sjølvsagt: kvifor har dette vori så lite aktuelt på folkebibliotekfronten i Noreg? På fagbibliotek har ein hatt Bibsys i ei lita æve no, men på folkebibliotek går det tregt. Eg har ein teori om at det er ein samanheng mellom det tradisjonelle norske lokalt sjølvstyre-komplekset (ingen skal få tukle med katalogen MIN), samstundes som ein berre har haldi fram med gamal struktur (eitt bibliotek, ein katalog) som ein slags institusjonell tregleik. Dessutan har eg ein mistanke om at biblioteksystemleverandørane (puh) ikkje har noka objektiv interesse av å utvikle slike løysingar. Dei vil jo få redusert kundemengda frå 433 kommunar til kan hende 40 interkommunale katalogar, frå 450 vidaregåande skular til 19 fylke osb. Så lenge vi driv og dillar med samsøk i ymse variantar klarer leverandørane å tvihalde på at kvar kommune er minst ein kunde. Dersom vi rasjonaliserer til færre katalogeiningar, bør det vera eit sjølvsagt krav at betalinga går ned òg.
Som de skjønar: eg vart litt frelst i Robertsfors. Det er ingen tvil, eg vart særs inspirert til å jobbe vidare med dette i Finnmark. Vi har jo ein del logistiske problem (for å seie det mildt...), men vi sender jo fjernlån mellom biblioteka i dag òg.