9.8.06

Finske menn er tause, men tenkjer mykje...

Det har vi lært hittil av Tuomas Kyrö. Som han sa: det hender jo at stereotypiane stemmer! Om det stemmer for han sjølv har han ikkje sagt noko om. Det gjer ein jo ikkje. ;-)

Som lesaren kanskje ikkje veit: det er finske litteraturdagar i Vadsø, i regi av fylkesbiblioteket, den finske ambassaden m.fl. Det er eit bra program, men vi merker igjen at det er tungt å fylgje med på føredrag som blir tolka... Fram for betre sidemålsopplæring i Finland!!

På neste seminar må dei satse på ein stad der vi kan få omsetjinga rett i øyra. Ikkje rart det blir få og små pausar når føredraga tek dobbelt så lang tid som naudsynt...

Men det er fint i Vadsø, og med to av redaksjonen til stades får vi satse på brei dekking!

Ingen kommentarer: