12.12.05

Portal meg her og der

Fylkesbiblioteket jobbar no med ein portal for finnmarksbiblioteka, etter inspirasjon frå Oppland. Portalløysingar kan vera særs bra, men kvifor ikkje tenkje breiare enn som så? Er det eigentleg nokon god grunn til at vi skal sitje på kvart vårt ness og administrere 25-30 bibliotekkatalogar i Finnmark? Kva om vi klarte å redusere det til to eller tre? Aust, vest og skule?

Grunnen til at eg spør, er at eg var innom Robertsfors bibliotek på torsdag. Eg var på eit seminar i Innovation Circle, og nytta høvet til å stikke innom biblioteket - sjølvsagt. I tillegg til at eg ofte stikk innom bibliotek når eg er ein stad, så var grunnen at eg har høyrt om bibliotekprosjektet i Umeå-regionen, Projekt Bibliotek 2007. Prosjektet går kort og godt ut på at dei seks kommunane i Umeå-regionen har sams katalog, ei logistikk-løysing mellom biblioteka og i tillegg ein haug med digitale tenester tilgjengelege for lånarane.

Ut frå det eg kunne sjå og fekk høyre så er opplegget genialt. Alle katalogane er slegne saman, slik at alle biblioteka med filialar kjem fram som einingar under katalogposten. I samsøka til både Mikromarc og Bibliofil er det slik at trefflista kjem fram som ei liste over bibliotek som har boka, slik at du får ei treffliste som i Akershus. I staden så har Umeåregionen valt ei løysing der du fyrst før ein sams tittelpost, så klikkar du på "Finns titeln inne?" og får ei eksemplarliste med alle biblioteka i regionen. Genialt, eller kva?

Det som sjølvsagt er endå meir genialt, er at dei har teki effekten av Felles lånekort heilt ut. Her er det sams lånarregister for heile regionen. Har du lånarkort i Robertsfors så låner du sjølvsagt bøker i Umeå i tillegg, og administrerer alle låna i same biletet. Det er eigentleg som ei vanleg filialløysing, berre på eit større og meir avansert nivå.

Korleis er så logistikken oppi dette? Det er sjølvsagt utfordringa for oss i Finnmark. I Umeåregionen har dei ein eigen avtale der det går bokskyss mellom biblioteka to gonger i veka.

Ein siste ting som ligg inne i Umeå-prosjektet er digitale tenester. Med lånekortet som legitimasjon har du tilgang til e-biblioteket, e-lib, Biography Resource Center, ArtikelSök, EBSCO og Novelist.

Kva det kostar? Det veit eg ikkje enno, men det er definitivt verd å ta ein runde med biblioteksystemleverandørane for å få dei til å lage pakkar for interkommunale bibliotekkatalogar.

Eit spørsmål er sjølvsagt: kvifor har dette vori så lite aktuelt på folkebibliotekfronten i Noreg? På fagbibliotek har ein hatt Bibsys i ei lita æve no, men på folkebibliotek går det tregt. Eg har ein teori om at det er ein samanheng mellom det tradisjonelle norske lokalt sjølvstyre-komplekset (ingen skal få tukle med katalogen MIN), samstundes som ein berre har haldi fram med gamal struktur (eitt bibliotek, ein katalog) som ein slags institusjonell tregleik. Dessutan har eg ein mistanke om at biblioteksystemleverandørane (puh) ikkje har noka objektiv interesse av å utvikle slike løysingar. Dei vil jo få redusert kundemengda frå 433 kommunar til kan hende 40 interkommunale katalogar, frå 450 vidaregåande skular til 19 fylke osb. Så lenge vi driv og dillar med samsøk i ymse variantar klarer leverandørane å tvihalde på at kvar kommune er minst ein kunde. Dersom vi rasjonaliserer til færre katalogeiningar, bør det vera eit sjølvsagt krav at betalinga går ned òg.

Som de skjønar: eg vart litt frelst i Robertsfors. Det er ingen tvil, eg vart særs inspirert til å jobbe vidare med dette i Finnmark. Vi har jo ein del logistiske problem (for å seie det mildt...), men vi sender jo fjernlån mellom biblioteka i dag òg.

11 kommentarer:

Anonym sa...

Så enig, så enig. Hvorfor skal én og én av oss først katalogisere (les: betale for BIBBI, hente poster fra BIBBI, så legge til egne endringer), før man så f.eks legger inn lenker til andre ressurser som f.eks. leksika-omtaler om forfatter, hjemmesider eller bokkritikker. Må nok samle ressursene blant mange bibliotek skal vi komme noe framover på IKT-området. Vi har ikke tid til å sitte foran PC'en hele dagen hver på vår tue. Jobben må være uten blant folk, og kataloger og nett-ressurser må skje på en effektiv "dugnad".

Vidar sa...

Eg trur det må vera ein balanse her. Det bør vera såpass mange katalogeiningar at det framleis er ein viss konkurranse mellom biblioteksystemleverandørane. Det er på den måten vi sikrar utvikling av systema, så eg trur at det må finnast ein mellomting mellom 1000 folke- og skulebibliotekkatalogar og 1...

Eg er særs skeptisk til ei løysing som i museumsverda, der staten går inn og stør ein særskild leverandør. Dimed vel nesten alle det systemet p.g.a. pris. Det er faktisk eit aktivt hinder for ABM-løysingar, der musea sine samlingar kunne vorti registrerte i same katalog som biblioteksamlingane.

Anonym sa...

Det må være en viss konkurranse ja, men det betyr ikke at det må være flere kataloger. Katalogene må kobles fri fra leverandørene. I dag kan du velge enten den ene eller den andre leverandøren, og er da knyttet til alt fra katalog, utlån og web-løsning. Databasen må kobles fri fra leverandøren. Litt drodling rundt temaet på: http://www.rolfsteinar.net/blogg/?p=3

Helt enig mht. museum, der jeg har 6 måneder bak meg i Winregimus. Nok om museum i dette foraet. :)

Mari sa...

Helt topp at du er frelst, Vidar - du har masse påvirkningskraft overfor fylkesbiblioteket, og det er nå vi trenger ideer som er morsommere og mer kreative enn et ordinært samsøk. Utfold deg:-D

Anonym sa...

Dette høres besnærende ut! Vanlige norske folkebibliotek har neppe så sære samlinger at vi ikke kan slå oss mer sammen. Er samtidig enig i konkurranseaspektet, det er viktig at vi har gode systemleverandører i Norge. Kanskje vi har litt angst for å miste personalressurser hvis vi slår sammen katalogarbeidet?

Vidar sa...

Jovisst er det faren. Ein må sjølvsagt argumentere for at det ein evt. sparar i tidsbruk på mindre katalogisering skal brukast på andre tenester, som t.d. formidling.

Anita Steigre sa...

Enig, Vidar - her må det argumenteres f.eks for at bespart tid kan brukes på publikumsrettet arbeid. Det slår alltid ann! Men dette vet vel de som har kjøpt utlånsautomat/innleveringsautomat - samme problemstilling. Er det noen som har kutt i stillinger pga besparelser her? Jeg vet ikke om noen... noen andre som vet?

Mari sa...

Jeg tror ikke vi trenger å ha angst for å miste personale som ikke skal katalogisere mer- for hvem av bevilgende myndigheter har noensinne satt seg inn i hva det er å katalogisere, og at det faktisk tar tid? Ach, nein! (Det er den emosjonelle biten som er hinderet her...)

Vidar sa...

Ja, katalogisering er jo ein lidenskap for somme... ;-)

Di mindre tid vi brukar på metadata, di betre!

Ole David Østli sa...

...men metadata er liksom forskjellige ting. Den rene beskrivelsen er jo grei nok, den bør ikke kunne gjøres på mange ulike måter (Har aldri forstått hvorfor ikke forlagene legger ut MARC-tags v/utgivelse).
Men så er det jo søkeelementene som er litt mer av en skjønnsmessig vurdering og ofte kan behøve å gjøres lokalt.
Syns jeg. Og samme gjelder noter, særlig hvis de gjelder det enkelte eksemplaret.

Vidar sa...

Tja. Når Deichman klarer å lage eit felles system for hovudbiblioteket og alle filialane, må vel t.d. Aust-Finnmark klare det same med færre bibliotekeiningar? Poenget er vel å klare å lage eit sams regelverk for katalogisering, utlånsreglar m.m. Når det gjeld fysisk plassering av boka må kvart bibliotek finne si løysing, og det er vel mogleg å takle på eksemplarnivå i alle norske biblioteksystem så vidt eg veit.

Det finst forresten ein norsk katalog tilsvarande Den i Umeåregionen - Nordhordlandsbiblioteka. Det er ein Aleph-base der 7 bibliotek er med. Særs spennande!