17.6.05

På harrytur?

Ein av føremonane med å bu her i grenseland (eit uttrykk som byrjar å bli utsliti...) er sjølvsagt rike høve til harryturar (endå meir utsliti)! Om ein har multivisum kan ein reise til Nikel, om ein ikkje har visum kan ein alltids reise like langt og plutseleg vera i EU! OK: turen blir ikkje så veldig harry då, det blir faktisk ein tur som inkluderer ein bibliotekekskursjon til Ivalo bibliotek i Enare kommune. Det kan ein sikkert kalle eit tynt fagleg alibi! Vil fleire vera med så heng på - ekspressen går frå Kirkenes i morgon kl. 10.00...

6 kommentarer:

Mari sa...

Woho, denne skulle jeg ha vært på, høres ut som en tur skreddersydd for meg!

Vidar sa...

Absolutt! Vi var og vitja biblioteket i Ivalo. Det var eit flott bygg, litt funkisstil. Diverre var det litt sliti, men på innsida var det fint vedlikehaldi. Vi stussa berre på ein ting: det var veldig fullt! Dei burde teki eksamenen vi hadde i kassering, Mari...

På veg tilbake var vi innom museet i Enare. Wow!! Utruleg bra. Fantastiske ustillingar, svære rom, både natur og kultur, samtidskunst og friluftsmuseum. Og det som verre er: folk flest i Sør-Varanger har knapt vori innom der. Dei skal jo stort sett til flyplassen i Ivalo eller skibakkane i Saariselkä...

Anita Steigre sa...

Høres ut som en topp tur. Og slettes ikke harry.

Vidar sa...

Nei, det vart overraskande kulturelt til slutt...

Men for all del: Alko-kvota vart jo brukt då ;-)

Anita Steigre sa...

Skulle bare mangle.

Apropo kvoter, syns jeg det er særegenhet her oppe at man ikke behøver å være ute av landet i 24 timer før man kan bruke kvota si. Har ofte lurt på hvor sant det er, eller om det bare er noe alle gjør. Men de jeg har prata med, mener å kunne noe om det, og sier det er helt sant. Så da så. Da kan man jo kjøre frem og tilbake og fylle på.

Vidar sa...

hehe, det er ein av restane av det gode gamle nordiske samarbeidet...