6.3.07

Meir Bibliotek 2.0

Det gjev seg aldri - men no er snart åleine i stafetten her!! Kom igjen, jenter!

I dag har eg vori på førelesing i Saskatchewan, Kanada. Eller OK, det var Microsoft Live Meeting, men det går no for det same :-) Førelesinga gjekk hjå SirsiDynix Institute, der dagens tema var "mashups". Eg veit ikkje kva det blir på norsk enno... Poenget er iallfall at det hentar inn informasjon frå fleire ulike system (som Flickr, LibraryThing, GoogleMaps, Amazon m.m.) og lagar nye sider. Som vi har gjort på denne sida ved å hente inn utdrag frå LibraryThing-katalogen min. Ganske artig! Førelesaren var Darlene Fichter, som er leiar for Urfolksstudieportalen og IKT-ansvarleg ved Saskatchewan universitetsbibliotek. Det var veldig kjekt! Vi lærte om mange nye tenester - du kan t.d. sjå på Frappr. Ei kartteneste der du kan lage grupper og vise kor medlemene i gruppa bur! Eg er t.d. med i "Blogging Librarians". Kjekt om fleire blir med!

1 kommentar:

Cathrine sa...

Jeg prøver å henge med i svingene her.. Har også hørt på foredraget til Darlene Fichter. Veldig inspirerende :-) Registrerte meg også på Frappr. Ikke mange fra Europa som har registrert at de har hørt på foredraget. Halvparten av de registrerte lytterne i Europa befinner seg faktisk i Finnmark!