9.2.06

Hjartesukk

Korleis tenkjer ABM-Utvikling? Det må ein nesten spørje seg om. Eg er så naiv at eg framleis har ein draum om at prosjekt er ein arbeidsmåte med to ulike mål for auga: 1) Utføre ei spesiell oppgåve som er avgrensa i tid, rom og økonomi. Eit døme: bygging av hus, ominnreiing av eit bibliotek - slike ting. 2) Prøve ut ei driftsordning/arbeidsmåte for å vurdere om dette er noko ein skal satse på i den vidare drifta.

I Finnmark og Sør-Varanger har vi dei siste tre åra hatt eit prosjekt etter modell 2: vi har i ein prosjektperiode stått ansvarleg for formidling av russisk litteratur og informasjon. Fyrst og fremst i dei to nørdste fylka, men vi har òg levert fjernlån og funni informasjon til bibliotek over heile landet.

For å seie det enkelt: prosjektet har vori ein suksess. Med god kontakt med våre russiske kollegaer og bokhandlarar i Murmansk og Nikel har vi kunna levert tenester til litteraturhungrige russarar i Noreg og andre som er interesserte i russisk språk og kultur særs effektivt og oppdatert, minst like bra som Det fleirspråklege biblioteket gjorde tidlegare. Vi får fantastiske tilbakemeldingar frå brukarane i Finnmark og Troms!

Diverre kan det vera slutt frå 1. april. ABM vil nemleg ikkje støtte eit nytt prosjekt, samstundes som dei ikkje vil lyfte ein finger for å skaffe driftsmidlar før 2007. Då skal nemleg den heilage Bibliotekutgreiinga setjast ut i livet. Problemet er berre at medan graset veks, døyr kua. For ABM spelar det tydelegvis inga rolle kva Stortinget har vedteki (krav om utgreiing om norsk-russisk bibliotek- og informasjonssenter i Kirkenes), eller at vi faktisk kan misse kompetanse medan ABM sit og vurderer kva dei skal meine om det som blir sendt til Kultur- og kyrkjedepartementet som så skal sende det til Stortinget som så skal gjera vedtak. Eg blir provosert.

Det finst ljospunkt òg då. Våre vener i Barentssekretariatet er med, og Barentsinstituttet er ein ny medspelar som vi har store voner for. Eg må òg seie at det vermde særs mykje at våre vener ved DFB òg ser kva vi held på med, og at dei stør ein tanke om at vi skal levere russiskspråkleg litteratur til Nord-Noreg og Trøndelag. Dei einaste som ikkje vil sjå oss er tydelegvis ABM.

Eg vil ynskje dei god betring.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Ahh. Jeg sukker med deg. Som medarbeider i det flotte norske prosjektet biblioteksvar, så kan jeg ikke annet. Nå har vi vært prosjekt i flere år, mens våre viktigste oppgaver har vært regulær drift. Vår tjeneste er av en slik art at vi er avhengige av velvillig dugnadsinnsats, ellers blir det ingen tjeneste, og for å kunne ha en forutsigelig tjenestetilgang, så trenger de deltakende bibliotek (takk til dere, forresten) forutsigelige rammer. Det gjør oss temmelig sårbare innenfor ABM-utviklings nåværende paradigme for digitale bibliotek.

Dessuten, for i det hele tatt å være kvalifisert for å motta støtte, må det være utvikling fra støtteperiode til støtteperiode. Det er i vårt tilfelle uheldig, fordi vi egentlig burde bruke kreftene på å gjøre det som er der bedre, og ikke å finne på noe nytt fra år til år.

Mari sa...

Jeg samstemmer med en dyp og klagende altbasun. Jeg venter jo på at statistikkbasene skal opna seg! At hjarta skal opna seg! At kataloger skal springa! At tidi skal opna seg! At me ein morgonstund skal glida inn på ein våg me ikkje visste um! (Kommer Kopinor og tar meg nå, forresten?)

Vidar sa...

haha, ikkje Kopinor, men Bodil Cappelen kan hende? :-D

Problemet er gjerne at ABM-U ikkje har nok påverknadskraft overfor departementet til å seie at "No har dette prosjektet (Biblioteksvar/NORU/Andre) gått i 3 år, dette er så bra at det må over i fast drift, vi må ha meire pengar!