7.11.05

På vitjing i søringland

Vi er ein heil delegasjon frå Finnmark på bibliotekleiarkonferanse i Oslo i dag og i morgon. Iallfall 3, + Roger som tidlegare Finnmarking.

Dagen starta med planane for Nye Deichman. Ein må berre bli imponert - og ikkje så lite inspirert heller. Det er fullt mogleg å gjennomføre noko av ideane på bibliotek med mindre plass og folketal òg. T.d. radikal kategorisering, spreiing av funksjonar, drastisk ommøblering av biblioteket.

I Sør-Varanger er vi allereie i gang med å tenkje på dette. Vi driv og jobbar med kategorisering, og skal prøve å få på plass ei eiga ungdomsavdeling. Det er litt for lenge sidan det har skjedd noko drastisk på biblioteket...

Ingen kommentarer: