30.5.07

IKT-politikk og morgondagens bibliotek

Dette innlegget blir lagt ut på sida til Norsk bibliotekforening region Nord-Noreg etter kvart!

Nordnorsk bibliotekkonferanse i gang!

Klokka er 14.00 - 165 personar sit og ventar, endeleg skal vi i gang! 2 års arbeid med Nordnorsk bibliotekkonferanse skal få ein konklusjon: blir deltakarane nøgde?? Bodø Sinfonietta startar ballet med ein trio for fløyte, cello og klaver.

Lisbeth Glanfield helste velkomen frå Bodø kommune. Ho er frå SV, og leiar for oppvekst- og kulturkomiteen. Ordføraren kunne ikkje koma. Ho var glad for å kunne fortelje at Bodø kommune har vedteki å byggje nytt bibliotek som ein del av det nye kulturkvartalet i sentrum. Det skal bli bra!

Ho meinte at i motsetnad til Aldous Huxleys "Brave new world", som handlar om framandgjering som fylgje av ny teknologi, handlar bibliotekvesenet sitt arbeid om korleis ny teknologi kan hindre framandgjering og skape kontakt mellom menneska.

Det nye Bodø bibliotek skal bli eit bibliotek som er opi for alle, uavhengig av alder, kjønn og funksjonshemmingar - biblioteket skal vera altomfattande og ta vare på vår felles kulturarv.

Anne Hustad frå Norsk bibliotekforeining helste, og hugsa mellom anna at Vidunderlige nye verden var pensum på bibliotekutdanninga i hennar tid! Boka var ei satirisk åtvaring mot utviklingstrekk i tida. Ho tok opp nokre av temaa på programmet, og spurde om vi har nok endringsvilje i biblioteka.

Stortingsmelding 17 (2006-2007) dokumenterer enorme skilje når det gjeld IKT-kompetanse. Eldre og fattige har dårleg tilgang til IKT. Meldinga peiker på at biblioteka er ein sentral stad som mogleg opplæringsarena for å hindre kløfta mellom dei som har og ikkje har IKT-kompetanse. SeniorSurf og eBorgar-kurs er gode døme på kva biblioteka kan gjera.

Norsk Digitalt Bibliotek er det store løftet for bibliotekvesenet, både for digitalisering av samlingar og tenester.

Til slutt ynskte ho Aasa Storlien frå Brønnøy bibliotek til lukke med vervet som nyvald leiar, og gledde seg til å vera med på resten av konferansen.