22.8.06

IFLA er kult!

Dette er 2. gongen eg er paa IFLA-konferansen WLIC, denne gongen i Seoul, Soer-Korea. Eg har det saers bra! Eg var jo i Oslo i fjor og, men det vart ikkje det same - budde hjaa kjentfolk, mange nordmenn, mykje aa finne paa i Oslo. No er det konferanse i eitt...

Som sagt: det er saers bra. Hoegdepunktet hittil (no er klokka 16.23 her...) var punktet om copyright-problematikk. Det er berre ein ting aa seie: di meir ein hoeyrer om internasjonale handelsavtalar, di meir skeptisk blir eg! Og saa er det heilt vanvittig aa hoeyre om Mikke Mus-lova... Daa rettane til Mikke Mus heldt paa aa gaa ut paa dato, klarde Disney-konsernet aa lobbe slik at i staden for at intellektuelt arbeid er verna 50 aar etter opphavsmannens doed, er det no verna i 70 aar etter opphavsmannens doed! Mikke skulle eigentleg vori fritt tilgjengeleg i 2003, men p.g.a. Lex Mickey (som vi og fekk i Noreg...) er han verna til 2023!

Dessutan: det er ganske oppsiktsvekkjande at ein tysk domstol har doemt biblioteka til aa slutte aa sende elektroniske kopiar av verna materiale, t.d. tidsskriftsartiklar. No maa det seiast: vi har ikkje den retten i Noreg heller. Det som er sjokkerande er at domstolen eigentleg tykte at det skulle vera forbodi aa kopiere til papir og, men det fekk biblioteka halde fram med p.g.a. at dei hadde gjort det saa lenge utan at nokon hadde protestert foer no. Heilt utruleg...

Elles om Soer-Korea: nordmenn i utlandet snakkar alltid om prisar. Her i landet er det ein ting som er saerleg dyrt i hoeve til Noreg: alkohol! Og det er ikkje billig elles heller, Soer-Korea er definitivt eit av hoegkostlanda i Asia.

11.8.06

Mystisk fugl

Jeg er alltid betatt av Vadsø. Landskapet der er helt spesielt, og når jeg lander der og får kjøreturen inn til sentrum, ser jeg henført ut av vinduet på det flate Varangerlandet, fjorden og fuglene. I går fikk jeg en tur ut på Ekkerøy der jeg ikke har vært før. Anbefales! Med fuglefjell, maleriske sauer og frodig planteliv. Jeg gikk sammen med to plante- og fuglekjennere, men vi var likevel i stuss over en ukjent fugl. Etter å ha konsultert fugleboka, vet vi nå at krykkjene, som andre måker, bruker lang tid på å finne sin endelige form (dog ikke SÅ lang tid; to sesonger mot gråmåsens fire, dersom jeg har forstått dette riktig). Jeg har tatt meg en ulovlig frihet og "lånt" krykkjebilder så alle kan se, men de andre har jeg tatt selv. Voksen fugl har gult nebb, mens undomslømmelen ligger på sjøen. Og etter fuglene og forrett på multemyra, var det deilig fiskesuppe på restaurant Havhesten.

9.8.06

Finske menn er tause, men tenkjer mykje...

Det har vi lært hittil av Tuomas Kyrö. Som han sa: det hender jo at stereotypiane stemmer! Om det stemmer for han sjølv har han ikkje sagt noko om. Det gjer ein jo ikkje. ;-)

Som lesaren kanskje ikkje veit: det er finske litteraturdagar i Vadsø, i regi av fylkesbiblioteket, den finske ambassaden m.fl. Det er eit bra program, men vi merker igjen at det er tungt å fylgje med på føredrag som blir tolka... Fram for betre sidemålsopplæring i Finland!!

På neste seminar må dei satse på ein stad der vi kan få omsetjinga rett i øyra. Ikkje rart det blir få og små pausar når føredraga tek dobbelt så lang tid som naudsynt...

Men det er fint i Vadsø, og med to av redaksjonen til stades får vi satse på brei dekking!